MILDT BEDRAG
Tobakksindustrien
går til FILMEN
Blekemiddel?
Noe å dø for?
Det som er ulovlig hjemme...
Den største løgnen
ARTIKKEL 04
 
 

"We really need something for people to die of”

Tobakksindustrien kjem stadig med ulike taktikkar når det gjeld å reklamere for produkta sine. Etter å ha nekta for at røyking er skadeleg i fleire tiår, gjekk tobakksselskapet Phillip Morris heller ut og framheva dei ”positive” effektane for samfunnet ved at folk døyr av røyking.

Tobakksgiganten har hevda at for tidleg død som følgje av røyking er positivt for samfunnet. Ein forskingsrapport laga for selskapet presenter eit reknestykke som viser at det løner seg at folk døyr tidligare. Staten sparer faktisk pengar på at folk røyker seg i hel. Dette vert framstilt som så lønsamt at det veg opp dei enorme kostnadane ved å behandle røykerelaterte sjukdommar som kreft og liknande. Sidan folk no i gjennomsnitt lever stadig lenger, påpeikar tobakksindustrien altså at vi treng noko å døy av.

  DEBATT  
Første innlegg i debatten rundt dette emnet ble startet 21.03.2007. Innlegget har forløbig 8 svar.
 
 

Staten sparer på døde røykarar
Denne banebrytande forskingsrapporten var avgrensa til Tsjekkia. Rapporten konkluderte i 1999 med at trass høge behandlingskostnadar for døyande røykarar, kom staten ut av reknestykket med millionar av dollar i pluss. Over tusen dollar hadde dei rekna ut at ein sparte per døde røykar. Staten sparer pengar på helseutgifter, pensjonsutbetalingar til dei eldre samt utgifter til eldrebustadar. Det er eit ganske bra overskot, skrytte Phillip Morris den gangen til den tsjekkiske staten.

  VIDEO  
Folk på gata - om venners innstilling til røyking.
 

Betra arbeidsmarknad
Men det stoppa ikkje der. Når ein røykar døyr for tidleg, må han erstattast på jobbmarknaden. Ein arbeidsledig får dermed overta ein jobb, og dette betyr i følgje tobakksgiganten sparte pengar både i høve til trygder og omskoleringstiltak.

Ikkje uventa vart tobakksselskapet overfløymd av kritikk og har sidan bedt offentleg om orsaking for konklusjonane sine.

  LES MER  
Philip Morris Sees the Light

 

Tobakk erstattar krig og svolt
Dette er ikkje nye tankar for tobakksindustrien. Ein intern rapport utvikla av tobakksindustrien sine rådgjevarar slo i 1978 slår fast at”…we really need something for people to die of”. Kreft har erstatta krig, fattigdom og svolt i rike industriland. Det vil seie at tobakk har ein sosial funksjon ved å avgrense talet på gamle som må ha økonomisk hjelp når dei vert sjuke og ikkje lenger klarer seg sjølve. Dette er vel neppe eit godt prinsipp i vårt demokratiske samfunn der idealet er god livskvalitet og eit langt liv…

 
 
KILDER

"A Public Relations Strategy for the Tobacco Advisory Council Appraisal & Proposals Prepared by Campbell-Johnson Ltd" 1978
NB! Tast inn dokument-ID nummer 2501159431/9460

 
© 2003 Sosial- og helsedirektoratet