| |
Det
som er ulovleg heime...
Utviklingslanda
har blitt tobakksindustriens nye satsingsområde. Reklame i
u-land har ofte større påverknadskraft enn i Vesten
på grunn av eit generelt lågt reklametrykk. Det er ofte
fritt fram med tvilsame marknadsføringsmetodar. I Afrika
har denne industrien sponsa både bryllaup og fødselsdagsselskap.
| |
VIDEO |
|
 |
 |
| Folk på gata - om tobakksindustrien.
|
  |
  |
 |
| |
Når produsentane vert pressa ut av ein
marknad fortsett dei berre vidare til nye. Mange multinasjonale
tobakksselskap har kasta seg over dei enorme marknadane i den tredje
verda.
”Go ahead – I want to see
you smoke it now”
På Sri Lanka jaktar industrien på
ungdom. Særleg den unge kvinnelege befolkninga er viktig,
fordi mindre enn 1 prosent røyker.
| |
VISSTE DU AT |
|
 |
| Om lag halvparten av tobakksrelaterte
dødsfall forekommer i utviklingsland, men dette tallet
er ventet å øke til mer enn 70 prosent innen 2020. |
 |
| |
Dei marknadsfører tobakk med ”det
gode liv” og nyttar musikk, gratis diskotek, ”giveaways”
– dvs forskjellige gratis ”duppedittar”, gunstige
arbeidstilbod og mykje meir for å trekke til seg nye kundar.
Tobakksindustrien marknadsfører sigarettmerka sine med bilde
av eventyr, fart og spenning og vestleg livsstil
”Golden girls” kledde i gull sirkulerer der ungdom ferdast
og deler ut gratis røyk. Dei ber små gylne sigarettennarar
og insisterar på å tenne røyken for deg. Dersom
du nøler og seier at du ikkje røyker, får du beskjed
om at ” Neida, desse er ikkje så sterke. Kom igjen –
eg vil sjå deg røyke den no”.
| |
SITAT |
|
 |
“If you are really and truly
not going to sell to children, you are going to be out of business
in 30 years.” Bennett Leslow, CEO Brook Grpous
LTD |
 |
| |
Jakta på dei yngste
Ulike metodar for å marknadsføre seg mot ungdom vert
dessverre også nytta i Europa og andre industriland. Men regelverka
er stort sett svakare i fattigare land, og det skjer oftare i u-land.
I blant anna Aust-Europa tilbyr industrien kynisk gratis sigarettar
til barn og unge under store ungdomsarrangement for å få
dei hekta på nikotin. Mange industriland forbyr gratisprøver
av tobakk, det gjer derimot ikkje alle u-land. Unge pene jenter blir
kledde i uniform og sendt rundt for å dele ut gratisprøver
av sigarettar. Målgruppa er først og fremst unge menn,
dei har vanskeleg for å seie nei takk når ei søt
jente byr på ein gratis røyk.
| |
DEBATT |
|
 |
| Første innlegg i debatten rundt dette emnet ble startet 03.05.2007. Innlegget har forløbig 4 svar. |
| |
|
 |
| |
Forbode her, så då...
Det er viktig for tobakksindustrien å få unge til å
starte med røyking. Det er nemleg ungdom som blir kundane i
lang tid framover.
Dess tidlegare ein startar å røyke, dess fortare blir
ein avhengig av nikotin - og dess vanskelegare er det å slutte
å røyke. Men mange av metodane for å huke ungdom
i u-land er forbodne i vår vestlege verd... |
|